Minimumstelling 2023
Minimumstelling er ei viktig forvaltningsoppgåve i alle villreinområde. Tellinga i vårt område føregår med helikopter for å lokalisere villreinflokkane, og opptellinga skjer med bakgrunn i bilete av flokkane og digitalt telleverktøy. Det ideelle for å få til vellykka tellingar er bra snødekke og kort tid sidan sist siste snøfall - da har ein veldig bra kontroll på spor og sporløyper, og det er relativ greitt å få oversikt og ta bilete av alle flokkane. Biletet er frå 2. februar 2023, der det vart gjennomført ei vellykka telling for vårt område. Denne flokken vart lokalisert i Reinheimen og telte heile 1224 dyr.