Villreinomsyn i tida framover

Det er for tida tøffe forhold for reinen vår i Reinheimen-Breheimen med hardt føre/ising. Det er derfor ekstra viktig å vise omsyn og fylgje villreinvettreglane. Unngå å legg turar til mål der det er typisk av reinen oppheld seg. Er du i tvil, så er det fullt mogleg å kontakte villreinutvalet for å rådføre seg.

For mykje stress og uro kan i verste fall føre til at simlene stoppar fosterutviklinga eller kastar. Sjølv om det ikkje er bandtvang enda, oppmodar vi alle om å ha hund i band når ein nærmar seg tregrensa. Kontroll på hunden kan vere ein vanskeleg definisjon når instinkt tek over!

Takk!🦌

Forrige
Forrige

Jaktrapport 2024

Neste
Neste

Fellingsresultat 2024