Ny bestandsplan og innføring av kluftbukk

Villreinutvalet og villreinnemnda for Reinheimen-Breheimen har utarbeidd og vedteke ny bestandsplan for åra 2024, 2025 og 2026.

Målsettingane for villreinområdet skal vere:

1.     Villreinstamma skal vere tilpassa bereevna til leveområdet.

2.     Villreinstamma skal ha ein biologisk forsvarleg kjønns- og aldersstruktur og oppretthalde sin naturlege genetiske variasjon.

3. Bestandsplanen skal etterstreve best mogleg klassifisering for parameter gjeve i kvalitetsnormen for villrein. 

Bestandsmål skal vere:

Reinheimen:                         1700 - 1800 dyr

Breheimen søraust:             400 - 450 dyr

Breheimen sørvest:              250 - 300 dyr

50 kg bukk går ut som ei korttype til fordel for kluftbukk. Dette er eit forvaltningsmessig grep som du finn meir informasjon om nedanfor. Denne informasjonen kjem også inn i informasjonsfolderen som blir distribuert til jegerane.

Bestandsplanen finn du i fullstendig form her

Forrige
Forrige

Jaktinfo og folder 2024

Neste
Neste

Årsmelding for villreinutvalet 2023