Attendeblikk på jakta 2024
Villreinutvalet ynskjer å takke alle for jakta 2024. Utover hausten blir det utarbeidd ein heilskapleg jaktrapport med statistikk og ulikt innhald som summerer jakta.
Oppsynskorpset hadde evalueringsmøte 23/9. Nokre hovudmoment frå denne evalueringa:
Jakttrykk og jegeråtferd: Mange trivelege møter mellom oppsyn og jegerar. Langt mindre jaktsaker enn i 2023 (da med 8 politimeldingar). Inntrykket er at stadig fleire har fokus på human jakt, noko som er svært prisverdig! Veldig varierande jakttrykk fordelt på jaktdagar. Enkelte treng rettleiing på jaktmetode og val av taktikk. Som jeger bør ein ha 3 mål med sjølve jaktutøvinga; få felt riktig dyr utan å bli sett eller lukta av dyra. Det same skal gjelde for kjøttberarar og andre som er på tur inn/ut frå fjellet.
Bruk terrenget for å smyge på dyr. Gå aldri i silhuett eller rett mot ein villreinflokk. For mange går oppreist etter flokken som veldig sjeldan fungerer.
Still på dyr med vind i mot deg. Ta bryet med å gå rundt flokken om nødvendig. Dette vil gjeve deg ein mykje betre jaktsituasjon!
Ligg i ro til flokken har reist frå deg.
Stadig fleire har også med seg hund på jakt. Det er heile tida triveleg med turfølgje, men ver bevisst på at du har kontroll på hunden før du vel å ta den med til reinsfjellet. Losande hundar vart til irritasjon for andre jegerar ved fleire høver i haust, stressa reinen unødig og øydela jaktsituasjonar.
Kluftbukk: Gode erfaringar frå haustens jakt med uttak av ein god del vaksne bukkar. Litt utfordrande å få dei ut av større flokkar i Reinheimen utover jakta.
Bom og skadeskyting: Oppsynskorpset har registrert eit høgt tal av bom og skadeskytingar i haust. Det skal i utgangspunktet mykje til før ein kan konkludere med bom og ein del dyr reiser vidare med skotskadar som jeger ikkje har klart å fange opp. Derfor har du undersøkingsplikt, varslingsplikt og ettersøksplikt etter påskotne dyr. Alle kan naturlegvis vere uheldige og ting skjer. Men som jegerar har vi eit stort ansvar for å gjere det vi kan for å forhindre slike situasjonar.
Oppsynskorpset har gjort seg nokre tankar om moglege årsaker:
For lite treningsgrunnlag og våpenhandtering. 30 prøveskot er for mange for lite treningsgrunnlag når det villreinjakt.
Dårlege skytestillingar og manglande anlegg. Hald att skotet om du kjenner på moglege feilmargin. Nye sjansar kjem! Skyt aldri på friske dyr med fri arm eller i skytestillingar du ikkje handterer. Finn anlegg i naturen og skyt aller helst liggande. 100 meter er ofte meir enn langt nok.
Stress og for dårleg tid. Ikkje la dette ta overhand. Da er det langt betre å la dyret gå. Ein jaktdag gjev som oftast fleire fellingssjansar. Ikkje løys skot på den fyrste situasjonen berre for å bli ferdig så sant den ikkje er optimal.
Villreinutvalet og oppsynskorpset ynskjer alle ein fin haust vidare, og vi ser fram til jakta 2025!