Uttak av små kalvar

For å stimulere til uttak av små kalvar i villreinjakta kan jegere med kalvkort gjera slik:

Blir ein kalv med slaktevekt <14 kg felt, kan jegeren få kjøpt kalven for kr 350,- (fellingsavgift & omkostningar).

Ynskjer jegeren dette, skal jaktkortet ikkje «skjærast» for denne kalven dersom oppsyn kjem på slakteplass og godkjenner dyret. Jeger jaktar da vidare med sitt jaktkort. Kjem ikkje jeger i kontakt med oppsyn før ein går frå slakteplass, må jeger skjæra kortet som normalt – og kontakte oppsyn/oppsynsleiing for å avtale kontrollveging. Jeger kan ikkje jakte på nytt dyr på aktuelt kalvekort før saken er avklara. Dersom kalven veg <14 kg, blir kortskjæringa «annullert» av oppsynet med si underskrift på jaktkortet – og jaktkortet kan brukast til vidare jakt. 

Ved kjøp av slike små dyr skal jegeren ikkje melde inn fellinga i «Sett og skutt/hjorteviltregisteret». Fellinga blir registrert og innrapportert via villreinutvalet, dette for å unngå dobbel registrering.

 

Jeger som ynskjer å nytte seg av tilbodet, bør ha med vekt for å forsikre seg at slaktet er <14 kg.   

 

Telefon til oppsynsleiar: 45 89 99 10

Forrige
Forrige

Felles jaktområde Reinheimen 2022

Neste
Neste

Informasjon om årets jakt